Utsolgt - Julekonsert med Didrik Solli-Tangen

Dato: Fredag 4 des 2020 - fredag 4 des 2020

Sagastad fredag 4. desember kl. 21.30

Dørene opnar kl. 20.00 for servering

 


 

 

 

Didrik Solli-Tangen likar seg godt på Nordfjordeid. Når han denne jula skal sleppe sitt første julealbum, skjer det sjølvsagt her – på Sagastad. Han har hatt stor suksess med Melodi Grand Prix, Stjernekamp og andre store oppdrag. Her lokalt har mange møtt han på operapub ilag med læremeisteren hans, Anders Vangen.

 

Men no er han klar for stemningsfull julemusikk. Han presenterer kjende klassikarar, ukjende perler og eit knippe eigekomponerte låtar.

 

Didrik Solli-Tangen samarbeidar tett med Aleksander Raftevold og Sebastian Berg. Dei har produsert plata hans og dei er også med som musikarar. Konsert i Sagastad er mektige saker. Aleksander Raftevold veit det og ville så gjerne presentere denne fine julekonserten akkurat her. Han veit at dette blir like magisk som gripande og vakkert.

 

Earlybird fram til 30. september: kr. 400,-

Elles: kr. 450,-

VIP billett med plass i sjølve vikingskipet og ha spesiell god oversikt over sal, scene og musikarar kr 500,- (sjå eige produkt)

Vis mer

Bestill nå

Totalpris
Velg dato:
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8575.cbischannel-31768.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails