Musikk-kafé med Eid Musikklag

Dato: Søndag 15 nov 2020 - søndag 15 nov 2020

Eid Musikklag arrangerer tradisjonell musikk-kafé og har invitert med seg Eid Ungdomskor.

 

Publikum kan forvente god basarstemning i ny råme. Grunna smittevern blir det ikkje åresal, men ei lita loddbok høyrer med. Det same gjer ein god pause med tid til både kaffi, kaker og ein god prat. Alt inkludert i billetten.


Korpset, med dirigent Rebecca Smilovsky har eit variert konsertprogram der korpset i kjent stil framfører både svingande rytmer og folketonar. Eid Ungdomskor med dirigent Sigrid Myklebust vil kunne briljere ilag med klangen i Sagastad. Alt dette skjer med det vakre Myklebustskipet som råme. Sagastad-konsertane er og skal vere spesielle.

Sagastad må avgrense tal billettar i denne vanskelege korona-tida, så det er all grunn til å sikre seg billett som snarast.

Vaksen kr 190,-

Honnør kr 150,-

Innehavar av årskort: 150,- (velj Honnør billett)

Born 10-15 år kr 50,-

Born 0-9 år gratis

Vis mer

Bestill nå

Totalpris
Velg dato:
Build: 23.10.2020 15:51:24, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8575.cbischannel-31768.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails